Vi utfører skadetaksering av fast eigedom.
Taksten vert utført med ei detaljert skildring av skaden på objektet og eit kostnadsoverslag for utbetring. Ved skadetaksering går vi også nøye gjennom skadestaden og vurderer sikring av restverdiar. Vi følgjer opp skadeavdekking og gjenoppbygging når forsikringsselskapet ber om dette. Skadetakst kan også vere aktuelt for utleigarar, og i andre private samanhengar når uhellet er ute og verdiar skal erstattast og kostnader fordelast.